Anne Lise Frøkedal
1. juni 2024 21:00
Kr. 500,- inkl.avg.
Frøkedal på Høvleriet.
Frøkedal & Familien har gjort seg bemerka med sin særprega folkpop som står både rocken og folkemusikken nær. Med sisteplata – Spellemann-nominerte Flora – i bagasjen har Frøkedal og bandet Familien nådd ut til stadig fleire.
I juni kjem albumet STAY som både byr på reinspikka popmusikk, så vel som innslag av pols og allsang-rock. På Vise og Lyrikkfestivalen skal dei presentere nytt og tidlegare utgitt materiale i eit nært og nedstrippa trioformat. Bandet vil, foruten Frøkedal sjølv, bestå av Olav Christer Rossebø (fele, mandola) og Anders Hana (langeleik, gitar, munnharpe).
Frøkedal & Familien har fått varm omtale i The New Yorker og The Sunday Times, har spelt live på BBC Radio6 og mottatt to Spellemann-nominasjonar. Dei har også fått snuse på arenaformatet, som oppvarming for A-ha og Madrugada i Oslo Spektrum. Nyleg turnerte dei i England som special guests for skotske Teenage Fanclub.
Frøkedal & Familien har også laga songbok. Der skriv dei innleiingsvis:
«Musikk er ei samlande kraft som, gir oss alle tilgang på det utvida spekter av kjensler, minne og visjoner. Derfor legg me her alle korta på bordet, slik at den som ønskjer det kan komme tettare inn på desse låtene – eller til og med spele dei sjølv.»